Etablering av interkommunale helsetenester har vore eit samarbeidsprosjekt mellom kommunane og Helse Førde. Prosjektgruppa har vore kommunalsjefane for Helse- og omsorgstenester i samhandlingskommunane. Rådmennene har vore styringsgruppe. Eid kommune har vore prosjektansvarleg. Helse Førde er representert både i prosjekt- og styringsgruppa.

Kommunane har inngått forpliktande samarbeidsavtalar med helseføretaket om etablering av tilbodet og drifta av sengene. Kommunane har inngått ein vertskommuneavtale, med Eid kommune som vertskommune. Avtalen er felles for alle interkommunale tilbod lagde til Nordfjord Sjukehus. Årleg tilskot til drift er stipulert til kr 5,5 mill. for dei fem kommunane samla. Alle norske kommunar må etablere tilbodet innan 2016, og Nordfjord-kommunene har fått øyremerkt statlege tilskot for å setje i verk tiltaket i 2013.