Frå 2016 får kommunane plikt til å etablere øyeblikkeleg hjelp med døgnopphald. Ordninga skal innførast gradvis fram mot 2016. Kommunane får statleg tilskot som stimulans til å kome i gang med ordninga tidlegare, førebels som øyremerkte tilskot. Frå 2016 går tilskotet inn i rammetilskotet. Denne plikta er den einaste nye oppgåva som kommunane får etter Samhandlingsreforma.

Plikta er heimla i Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester, 2012, §3-5.Kommunane har ansvar for at tilbodet om øyeblikkeleg hjelp med døgnopphald til innbyggjarane er forsvarleg (jf. Helse- og omsorgstjenestelova, §4-1).Det er vanleg at fastlegen, sjukeheimslegen eller legevaktslegen føretek den konkrete vurderinga av kvar pasienten bør få behandling (Helsedirektoratet, 2012). Frå 1. januar 2017 gjeld også denne plikta for innbyggjarar med psykisk helse- og rusmiddelproblem.

 

Med oppstarten av det nye øyeblikkeleg hjelp-tilbodet vil ein i Nordfjord få til ei samlokalisering av kommunale helsetenester som legevakt, legevaktsentral, kreftkoordinator, planlagde samfunnsmedisinske tenester og lovpålagd kommunalt øyeblikkeleg hjelp-tilbod – og spesialisthelsetenester som medisinsk sengepost, "God start-eining" for fødande og eit breitt utval av polikliniske tenester.

For Nordfjord-kommunane vil ei slik samlokalisering av nye lovpålagde kommunale tenester kunne gi positive effektar, både fagleg og økonomisk. Prosjektgruppa meiner også at det er ein stor fordel at det kommunale ØH-tilbodet kjem på plass samstundes med reetableringa av legevaktformidlinga og etableringa av nye poliklinikkar og ei omlegging av spesialisthelsetenestetilbod elles ved Nordfjord Sjukehus.

Eit slikt samarbeid med etablering allereie i 2013 styrkjer også framtidig rekruttering, oppbygging av eit sterkt kompetansemiljø, og høve til opplæring og utdanning.Kommunane Selje, Vågsøy, Eid, Hornindal og Stryn har sidan 2011/2012 samarbeidd om prosjektet Felles Øyeblikkeleg hjelp (ØH)-senger med døgnopphald.

 

Den 07.10.13 starta tilbodet opp, med fem senger lagde til medisinsk avdeling ved Nordfjord Sjukehus. Det interkommunale KAD-tilbodet i Nordfjord er det første i sitt slag i Sogn og Fjordane, og også på landsbasis er Nordfjord-kommunane tidleg ute.

Målgruppa for det nye tilbodet er pasientar med forverring av kjende tilstandar, med avklarte diagnosar og funksjonsnivå. Aktuelle diagnosar/pasientkategoriar:

      • dehydrering og ernæringssvikt,
      • infeksjonar,
      • smertelindring,
      • KOLS/forverring av KOLS,
      • diabetes