Velkommen til Nordfjord interkommunale legevakt.

Dette er ei interkommunal legevakt for kommunane Eid, Hornindal, Selje, Stryn og Vågsøy.

Legevakta finn du ved Nordfjord sjukehus. Tilkomst til legevakta er skilta ved hovudinngangen.

Legevakta er bemanna med lege i tidsrommet 16.00-08.00 på kvardagar, og heile døgnet i helgane og på helgedagar.

I perioden 08.00 - 16.00 på kvardagar har kvar kommune; Eid, Hornindal, Selje, Stryn og Vågsøy, eiga legevakt.

 

 

 

Ved behov for øyeblikkeleg hjelp ring 116117

 

For akuttmedisinsk hjelp ring 113