Felles kreftkoordinator for

Selje, Vågsøy, Eid, Hornindal og Stryn kommune.

Økonomisk støtte frå Kreftforeningen har gjeve Nordfjordkommunane moglegheit til å opprette ei 50 % stilling som kreftkoordinator. Ordninga er eit samarbeid mellom kommunane og Kreftforeningen.

Dette er eit tilbod til deg som har fått ein kreftdiagnose og til dine pårørande.

Når kreftsjukdom råkar, følgjer det ofte med mange og samansatte problem, både for den sjuke og dei pårørande. Mange kan få praktiske og økonomiske problem, medan andre slit med både fysiske og psykiske plager etter sjukdom og behandling.

Kva kan kreftkoordinator hjelpe deg med?

-       Sørge for godt koordinerte tenester, i samarbeid med både spesialisthelsetenesta og ulike kommunale helsetenester.

-       Ved direkte spørsmål, kan kreftkoordinator rettleie deg i systemet og vise til aktuell kommunal kontaktperson eller rett instans, og til relevante kurs eller støtteinstansar som t.d. Kreftforeningen.

 

Kven kan ta kontakt med kreftkoordinator?

-       Har ein kreftsjukdom.

-       er pårørande, eller er i nettverket til ein som har ein kreftsjukdom.

-       er ferdig med behandling, og alt har gått heilt fint – du er erklært frisk, men det er framleis  ting du slit med og/eller lurer på.

Kan ta direkte kontakt med kreftkoordinator. Treng ikkje henvisning. Kan også få andre til å ta kontakt på dine vegner, til dømes fastlegen din eller nokon frå sjukehuset.

 

Ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling:

Kvar kommune og sjukehus har ressurssjukepleiarar. Dei er viktige samarbeidspartar for kreftkoordinator.  Kreftkoordinator har kontor på Nordfjord sjukehus, 6770 Nordfjordeid.


Korleis kjem du i kontakt med kreftkoordinator?

Kontortid:

Kl. 08.00 – 15.00   tysdag, onsdag og torsdag i oddetalsveker.

Kl.  08.00 – 15.00  tysdag og onsdag i partalsveker.

Telefon: 46 80 25 23

Epost: This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Tilbodet om kreftkoordinator er gratis. Er  dette eit tilbod du eller nokon du kjenner kan ha behov for, så ta gjerne kontakt med Kreftkoordinator Eli Bente Lote Henden.

 

 

Nyttige lenkjer:

 

Kreftforeningen