Øyeblikkelig hjelp døgnopphald (ØHD)

«Målet med samhandlingsreforma er å førebyggje meir, behandle tidlegare og samhandle betre.

Pasientar og brukarar skal få tidleg og god hjelp når dei treng det, nærast mogleg der dei bur. Dei skal få rett behandling til rett tid på rett stad, gjennom eit heilskapeleg og koordinert tenestetilbod for helse- og omsorg.»

 

Kommunen har plikt til å yte øyeblikkeleg hjelp tilbod til somatiske pasientar innan 1. januar 2016. Nordfjordkommunene starta på bakgrunn av dette opp ØHD i oktober 2013.

 

Frå 1. januar 2017 gjeld også denne plikta for pasientar med psykiske helse- og rusmiddelproblem.

 

ØHD er eit  interkommunalt samarbeid mellom Selje, Vågsøy, Eid ,Hornindal og Stryn. ØHD er ein kommunal sengepost, som disponerer 3 rom og 5 senger i 1. etasje på Nordfjord sjukehus (til høgre for hovudinngangen) i samme korridor som legevakta.

 

Det er fastlegane i Nordfjord eller Nordfjord legevakt som kan leggje inn pasientar ved ØHD. Tilsynslege har daglege tilsyn/visitt ved tilsynslege ØHD (fastlege ved Eid legekontor). Det er fastlegane i Nordfjord som har ansvar for legetenesta ved ØHD, og har tilsyn med pasientane ettermiddag, natt,  helg- og helgedagar.

 

Frå 1. juni 2017 leiger kommunen lokale av Helse Førde i 1. etasje på Nordfjord sjukehus og har eiga avdeling for ØHD.

 

Sidan dette er eit kommunalt tilbod, må ein betale eigenandel på undersøkelsar utført av Helse Førde (som t.d. røntgen).

 

Avdelingsleiar Grete Aud Totland : 95819005

Telefon til sjukepleiar og pasientar: 48864785

Tilsynslege Torbjørn Lien

 

Faggruppe for ØHD behandlar avvik og tek opp faglege spørsmål vedkomande drifta av sengeposten. Faggruppa har møte ca. 4 gongar i året.

                      

 

Kari Krogh  Kommunalsjef, Eid kommune
Anne Ruth Botn Bjørlo  Rådgjevar pleie- og omsorg,  Eid kommune
Grete Aud Totland  Avdelingsleiar , Eid kommune

Torbjørn Lien         

 Tilsynslege, Eid kommune
Tone Holvik Stadleg leiar Nordfjord sjukehus, HF

Laila Haugland   

Seksjonsleiar medisinsk avdeling, HF
Arnstein Ivesdal Einingsleiar medisinsk avdeling, HF

                  

                

    

Styringsgruppe for ØHD har møte 4 gongar i året .

 

Kari Krogh Kommunalsjef Eid kommune
Jeanett Jensen Kommunalsjef Vågsøy kommune
Åse Elin Hole Kommunalsjef Selje kommune
Berit Wetlesen Helse – og sosialsjef  Stryn kommune
Elsa Aslaug Ommedal Pleie- og omsorgssjef Hornindal kommune
Olav Hesjedal Klinikkdirektør medisin ,Helse Førde
Vidar Roseth Samhandlingssjef, Helse Førde
Hans Johan Breidablikk

Fagdirektør, Helse Førde