Torsdag 1. juni  2017 var det nyopning av øyeblikkelig hjelp døgnopphald (ØHD). Det som tidlegare har blitt kalla kommunal akutt døgneining (KAD). Avdelinga er framleis lokalisert på Nordfjord sjukehus, men er no lokalisert ilag med legevaksentralen i 1. etasje. Avdelinga er bemanna med sjukepleiarar som er tilsett i Interkommunale Helsetenester Nordfjord. Det er alltid 2 sjukepleiarar på vakt, 1 sjukepleiar på ØHD og 1 sjukepleiar på legevaktsentralen.

 

ØHD har fått nytt telefonnummer: 48864785

 

Sjukehuset på Nordfjordeid er lokalsjukehuset for kommunane i Nordfjord, og har ei rekkje tilbod. I høve "Framtidas lokalsjukehus" er det mellom anna kome til ei rekkje poliklinikkar. Lokalsjukehuset har også fylkesdekkjande tilbod innan hjarterehabilitering.

 

Du kan lese meir om dette tilbodet på Helse Førde sine sider. Der kan du mellom anna finne brosjyren som vart utarbeidd til møtet mellom Helse Førde/Nordfjordrådet og Stortingsbenken i april med oversikt over kva tilbod som er ved Helse Førde sine institusjonar på Nordfjordeid.

 

Lenkje; Framtidas lokalsjukehus på Nordfjordeid

Det føregår no ei ombygging av Nordfjord Legevakt, mellom anna for å kunne legge til rette for det nye naudnettet.  Naudnettet skal takast i bruk i Nordfjord frå og med mars 2016.

Frå og med 1. september i år får alle legevaktene i Noreg nytt telefonnummer.  Det nye nummeret er 116117.

Det er Legevaktsformidlinga på Nordfjord Legevakt som tek i mot desse anropa heile døgnet. 

Nordfjord Legevakt vil frå 1. september 2015 vere bemanna med helsepersonell/sjukepleiar heile døgnet. Sjukepleiaren på Legevakta vil kunne gje råd og rettleiing og kan formidle kontakt mot legevaktslege.

Heimesida er no lansert, men det står framleis ein del arbeid att.  Vi ønsker å legge inn meir informasjon- dette vil kome etter kvart.